
Finnøy Hagelag
Finnøy Hagelag er eit lag for deg som er glad i alt som veks og gror i hage eller på balkong. Det kan være blomster, urter eller grønnsaker.Finnøy Hagelag har ein årlig "ryddeaksjon" på Finnøy i april/mai mnd. Me ynskjer å bidra til at Finnøy sentrum skal vera ein kjekk stad å koma til og har derfor inngått ein avtale med Coop om å beplante bedet ved Byggmix, og næringshagen og båten der, slik at det er eit fint blikkfang for dei som kjem på besøk og for oss fastbuande.
Me dreg på hagevandringar og har "lage" kveldar der me støyper ting, lagar dørkransar og andre ting.
Me ynskjer innspel frå våre medlemmer om ting de har ønsker å lære meir om eller som de har ønske om å lage, så kan me prøve å finne fram til dei som kan mykje om emnet og evt få til eit foredrag/kurs.