FORENINGSPORTAL Foreninger i Finnøy

99 foreninger

Bethel Bedehus

lokaliteter

Bethel bedehus er det eldste bedehuset i Ryfylke, som framleis står og som er i bruk som bedehus. Forsamlingshuset blei innvia 16. september i 1878 av den kjente presten og predikanten Lars Oftedal. Det var også han som tok initiativet til å få bygd bedehuset. Bedehuset har stått sentralt i Judaberg sentrum i alle år, og det har vore stor aktivitet for alle aldersgrupper i årevis. I dag er bedehuset både i bruk til faste lag som "Vi over 60", konfirmantundervisning og andre samkomer. Bethel har eit av dei beste og mest moderne kjøkken på Finnøy, og Bethel passar dermed perfekt til å ha åremålsdagar, konfirmasjonsfestar og andre markeringar i. Sidan 2004 har over 16 000 menneske fått med seg bedehusrevyen med Arne Nordbø og Tor Øyvind Skeiseid, i høve konseptet "Vandring i bedehusland." Bethel fekk også fasadelys i 2019, slik at bedehuset lyser mildt og varmt opp i Judaberg sentrum på mørke kveldar.

Strikkekafè, Kaihuset

Allmenn

Strikkekafeen vert arrangert annakvar tysdag og har ope frå kl 19-22. Her kan du komme om du er nybegynnar eller viderekomen . Om du treng hjelp til strikkinga eller nytt strikketøy ordnar me det . Ta gjerne kontakt om du lurer på noko, og følg gjerne Kaihuset på Facebook og Instagram der det blir informasjon om strikkekafeen

Yngres, Ombo

Barn og ungdom

Ombo Yngres har skifta namn til Awana Ombo. Awana Ombo er eit allidrettslag. Me har møta våre på Ombo oppvekstsenter. Til vanleg har me opplegg i gymsalen, andakt og matøkt.